Tømmerhogst første kvartal 2024

Innmålt volum etter 1. kvartal viser at avvirkninga så langt i år er på 3,1 millionar kubikkmeter, og det er same nivå som første kvartal i 2023.

Av tala for innmålt tømmer i 1.kvartal 2024 kjem det fram at prisauken på massevirke, som starta i 2022 og heldt fram gjennom 2023, held fram med å stiga i 2024. Prisane på sagtømmer har òg stige.

Massevirke

Prisauken frå desember til mars på massevirke gran var på seks prosent. Gjennomsnittleg massevirkepris for gran var i mars 2024 var på 499 kr/m3. Gjennomsnittleg massevirkepris for furu var i mars på 464 kr/m3, ein auke på ni prosent i løpet av 1.kvartal.

For massevirke lauv er prisen i mars rekordhøg med heile 557 kr/m3. Dette er ei stigning på seks prosent i 1. kvartal 2024.

Sagtømmer

Prisane for sagtømmer har også stige 1. kvartal 2024. For sagtømmer av gran og furu var prisen i mars høvesvis 731 og 696 kr/m3, ein auke på seks prosent i 1. kvartal for begge treslaga.

For utfyllande tal omkring tømmeravverknad og prisar, sjå Landbruksdirektoratets nettside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *